”Underjordiske” ved Aun-setran ca. år 1845
Ved botn av Foldenfjorden ligg gården Kongsmo, og tett ved gården Aune. Her budde ein mann som heitte Ingebrigt. Han hadde to sønner, Ola og Aleksander. Aune-gården hadde ei seter på austsida av fjorden, og setran låg under eit høgt fjell. Når krøtra skulle til setran, måtte dei førast på ein tømmerflåte over fjorden, så ein slapp å fare over nokre høge berghamrar. Aleksander var gjætargut der. Han fortalde meg denne hendinga.
“Det var ein føremiddag eg gjætte at ein kalv kom bort. Så måtte gjætaren ut å leite, men kalven var ikke å finne. – Dagen etterpå skulle dei gjæte på samme staden for å finne att kalven. Nei, kalven var borte. – Så drog setertausa ut på leiting. Ho tok ei øks i handa og gjekk krøterstigen tett under fjellet. Medan dei gjekk bortetter tok ho til å slå på stubbar og stein med øksa. Ho banna og ropte at kalven skulle skaffast att. – Aleksander forstod ikkje noko av dette og heldt seg eit stykke attfor til dei kom nedfor ein liten trapp. Da høyrde dei kalven rauta nett oppfor. Dei måtte gå ein liten omveg for å komma opp til kalven, og der stod han i ei djup berghole, så dei måtte nedi for å fa han opp, men det gjekk godt. – Han gjætte seinare på same staden, og så gjekk han opp til staden der dei fann kalven. Men da var det ikkje noko hol å sjå der, samme kor han leita… ”
Eg spurde Aleksander om han var sikker på at det var samme staden der dei fann kalven, og han sa at han var like sikker på det som på den staden omnen stod i stua hans.
Ein annan gong var han uttsett for ei anna underlig hending da han gjætte der. Ein dag han gjætte fekk han høyre bjøllrammel i nordaust under fjellet. Han meinte det var hestane frå Grytbogen, ein annen gård ein kilometer frå fjellet. Men så kom bjøllrammlet nærare og som om det var heilt inntill buskapen hans. Det høyrdest som det var ein stor ”budskap”, og der var ei myr med dike, og det høyrdest på bjøllene som krøttera hoppa over diket. – Buskapen som Aleksader gjætte sto og så etter ”buskapen”, men så ingen ting.
Dette hendte for omtrent hundre år sia. (1845) Aleksander var vaksen kar da eg som ung gut lærte og kjenne han, og eg er no 80 år, født 1846. Aleksander var ein helt truverdig, og akta mann.
Eg var mykje sammen med han i arbeid og ellers, så eg kjende han godt.